Vil du jobbe med oss?

Vi søkjer ein fagleg dyktig, ansvarleg og sjølvstendig rekneskapsførar

Kven er vi og kvifor treng vi deg?

Marina Solutions er totalleverandør av marina- og flytande hamneanlegg. Vi har eiga sjøentreprise og fast tilsette montørar. Dei siste åra har vi satsa mot havbruksnæringa og leverer nå nøkkelferdige fôrflåtar til denne bransjen. Vi har hovudkontor i Ørsta, og salskontor og lager i Ålesund.

Marina Solutions har dei siste åra hatt ei solid vekst der vi også har utvida vårt marked. Denne trenden vil vi nå fortsette, og som eit ledd i dette vil vi flytte rekneskapsfunksjonen inn i bedrifta.

Difor søkjer vi etter ein fagleg dyktig, ansvarleg og sjølvstendig rekneskapsførar. Riktig person må i tillegg til å inneha solid rekneskapsforståelse, også ha mykje erfaring og kunnskap innan ERP- og økonomisystem. Ein viktig del av stillinga vil vere å optimalisere våra system, og bruken av desse på tvers av organisasjonen.

Stillinga er underlagt økonomisjef som ein og vil arbeide tett med. Økonomisjef har også erfaring frå tilsvarande stilling. I tillegg vil vårt rekneskapsbyrå kunne bistå ved behov, så ein vil aldri stå åleine i vanskelege oppgåver.

Ansvaret for lønn (A -Å) er også tiltenkt stillinga. Det er ikkje eit krav med erfaring innan løn, då vårt rekneskapsbyrå kan ta ansvaret for dette fram til ny rekneskapsførar er komfortabel med å ta over.

Marina Solutions er eit selskap med flat struktur, engasjerte tilsette og vi har stort fokus på å ivareta eit godt arbeidsmiljø og trivsel på arbeidsplassen. Personlege eigenskapar vil difor bli høgt vektlagt.

Hovudoppgåver:

  • Rekneskap frå A til Å
  • Vedlikehald og optimalisering av ERP- og økonomisystem
  • Lønn frå A til Å
  • Vi er ei lita bedrift, så forskjellege andre arbeidsoppgåver må forventast. Desse vil og kunne tilpassast riktig kandidat.

Vi ser etter deg som har:

  • Relevant utdanning innan rekneskap / økonomi, minimum bachelorgrad
  • Minimum tre års erfaring innan rekneskap
  • Høg systemforståelse og kunnskap innan datasystem, gjerne innan Visma.net ERP
  • God kjennskap til lagersystem
  • Gode samarbeidsevner

Vi kan tilby:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Nye kontorlokale sentralt i Ørsta
  • Høg grad av fleksibilitet og sjølvstendigheit
  • Tiltreding etter avtale

Kontaktperson for stillinga er økonomisjef Jon Dag Yksnøy, 91854355 / jdfy@marinas.no

Søknad sendes fortrinnsvis via finn.no, eller direkte til Jon Dag.

https://www.finn.no/job/fullti...

- Noko du er god på? Søk då vel! Fristen er sett til 20. juni!